MINIKONFIRMANTDAGER i Midsund 2020


Velkommen til minikonfirmantdagar for 11 åringar i Midsund.

 

Fyller du 11 år i år? Da er du invitert til MINIKONFIRMANTDAGAR.

Kvifor minikonfirmant? I fjor fekk du utdelt Konfirmantbibelen. Den inneheld mykje spennande tilleggsinformasjon om di livshistorie & Den store forteljinga, kvifor og korleis lese Bibelen og kva trua betyr i livet ditt. Saman skal vi ta ein titt inn i denne boka og sjå korleis den framleis er like aktuell i dag. Arrangementet går over tre samlingar:

Samling 1 skal vere ved Sivertdammen, onsdag den 12.mai kl. 18:00-20:00. Her blir det grilling, aktivitetsløype og uteleik. Hugs å ta med eiga drikkeflaske.

Samling 2 skal vere i Otrøy kyrkje, torsdag den 20.mai kl. 18:00-20:00 . Det blir undretur i kyrkja, enkel bevertning øving til gudstenesta. Vi øver inn songar og dramatisering som vi skal framføre under gudstenesta på søndag. Hugs å ta med eiga drikkeflaske og Konfirmantbibelen som du fekk i fjor.

Samling 3 blir gudstenesta i Otrøy kyrkje, søndag den 27.september kl. 11:00. Vi skal delta i gudstenesta med framføring av songane og dramatiseringa som vi har øvd inn.

Klikk her for å finner meir info

Klikk her for å melde deg på.

Tilbake