MINIKONFIRMATDAGER i Midsund 2020


Velkommen til minikonfirmantdagar for 11 åringar i Midsund.

 

Fyller du 11 år i år? Da er du invitert til MINIKONFIRMANTDAGAR.

Kvifor minikonfirmant? I fjor fekk dere utdelt Konfirmantbibelen. Den inneheld mykje spennande tilleggsinformasjon om di livshistorie & Den store forteljinga, kvifor og korleis lesa Bibelen og kva trua betyr i ditt liv. Saman skal vi ta ein titt inn i denne boka og sjå korleis den framleis er like aktuell i dag. Arrangementet går over tre samlingar:

Samling 1 skal vere ved Holsvatnet, tysdag den 22.september kl 18:00-20:00. Her blir det grilling, aktivitetsløype og uteleik. Hugs å ta med eiga drikkeflaske.

Samling 2 skal vere i Otrøy kyrkje, fredag den 25.september kl 18:00-19:30 . Det blir undretur i kyrkja, enkel bevertning og presten kjem på besøk. Saman med organisten skal vi øve inn songar som vi skal framføre under gudstenesta på søndag. Hugs å ta med eiga drikkeflaske og Konfirmantbibelen som du fekk i fjor.

Samling 3 blir gudstenesta i Otrøy kyrkje, søndag den 27.september kl 11:00. Vi skal delta i gudstenesta med framføring av songane som vi har øvd inn.

Meld deg på HER.

Tilbake