Babysong på Midsund


Bli med på babysong på Akselvoll bedehus anna kvar onsdag, kl. 11.00-12.30. Ein møteplass for store og små med tid til ein prat, songstund (ca 20 min-25 min), leik og ein kaffikopp. Neste gong er 2. februar. Velkomen:)

 

Følgjande datoar er sett opp:

19. januar, 6. februar, 20. februar, 6. mars og 20. mars.

I sangstunda brukar vi rim og reglar, allmenne songar og barnesongar som formidlar kristen tro og tanke.

Målet med samlinga er å styrke det positive samspelet mellom barn og føresette ved hjelp av song, rim og reglar, støtte trosopplæringa i heimen og vere ein sosial møteplass.

Vi ordnar noko å bite i (20 kr). 

Sei gjerne frå til meg, Kari Mette Bull Sylte, menighetspedagog, om du vil komme på ein eller fleire av samlingane. Mobilnr: 99 37 90 41 eller på mailadr:kari.mette.sylte@molde.kirken.no

Vi fyljer dei gjeldande smittevernreglane.

Velkommen til små og store!


 

 

 

 

Tilbake