Utstilling - kirketekstiler av Bjørg Hustad


Søndag 27. mars får Molde domkirke sin nye hvite messehakel av tekstilkunstneren Bjørg Hustad. Denne anledningen vil vi benytte til å sette opp en stor utstilling i kirkerommet der Bjørg Hustad vil presentere flere av sine viktige arbeider opp igjennom årene. Utstillingen vil bli stående gjennom Kirkefestuken, med åpningstider: Tirsdag til fredag 12-15, søndag 3.4. ca 12-14. I tillegg vil det også presenteres skisser og tegninger. Utstillingen vil bli åpnet i søndagens gudstjeneste, og etterpå vil man også kunne ta den nye messehakelen i nærmere øyesyn.

 

Vev verkstaden «Skyttel vev» vart etablert i 1982 med Bjørg Hustad som fagperson og dagleg leiar. Intensjonen var å veva kvalitetstekstilar til nytte og pryd. Etter nokre år vart det behov for meir fagkunnskap og Bjørg tok vidareutdanning i Formgiving og veving av tekstilar ved høgskulen i Oslo og seinare i Kunsthistorie ved UiB. Meisterbrev som handvever var det tid for i 2003.

Etter kvart vart det etterspørsel om ulike kyrkjetekstilar. Bjørg utvikla modellar av stolaer som fekk ei god passform og ein brukarvennleg kvalitet. Symbolbruken  har vore varierande frå det enkle uttrykket med eit latinsk kors til den rikt dekorerte stolaen der dua er ornamentert langs heile stolastolpen.

Messehaklar og antependia er tekstilar som har meir krevande prosessar. Oppdragsgjevar og kunstnar har samarbeidd for å koma fram til eit godt resultat for kyrkja det gjeld. I designa er det lagt vekt på farge- og formspråk som harmonerer med interiøret i Gudshuset.

I alle tekstilane er det brukt tynne materiale i mercerisert bomull, ull og silke som er tidkrevjande å arbeida med, men gjev eit funksjonelt og eksklusivt inntrykk.

Utstillinga viser eit lite utdrag av tekstilane Bjørg har designa, vove og levert.

Alle arbeida er godkjende av biskopane der tekstilane er leverte.

Tilbake