Vi skal grille, ha aktivitetsløype ved Sivertdammen, bli betre kjend med bibelen og gudstenesta. Neste samling er 16. mars i Otrøy kyrkje. På søndag, 19. mars, deltek vi i gudstenesta, og dei som vil kan få vere med å lage gudstenesta.
Håpar du vil vere med! Fikk du ikkje med deg første samling? Det er bare å bli med likevel!
Du kan melde deg på her:
Påmelding
Det er tre samlingar. Om du ikkje kan vere med på alle samlingane, er du likevel velkomen:-)
1. samling: Sivertdammen, 3. mars, kl. 17.00-19.00.
Grilling, aktivitetsløype og uteleik.
2. samling: Otrøy kyrkje, 16. mars, kl. 16.00-17.30.
Bli kjend i kyrkja og i bibelen, førebuing til gudstenesta og frukt.
3. samling: Otrøy kyrkje, 19. mars. kl. 11.00-12.00
Delta på familiegudstenesta med kyrkjekaffe.
Om ikkje alle datoane passar, kan du vere med likevel.
Spørsmål?
Ta kontakt med Kari Mette Bull Sylte, kyrkjelydspedagog, 99 37 90 41
Velkomen! :)