Super søndag! i Otrøy kyrkje, bok til 9 åringar


Super søndag! i Otrøy kyrkje, bok til 9 åringar


Bli med på Super søndag! i Otrøy kyrkje, 15. november, kl. 11.00. Etter gudstenesta blir det artige aktivitetar som bygging, figurballong og ansiktsmåling på Ugelvik skule. Her blir det også mat å få:)

 

Du som blir 9 år i 2026 er spesielt invitert for å få Barnesalmeboka. Ta med deg famile, vener og fadrar. På Ugelvik skule serverer vi pølse med brød og sodd med is til dessert etter gudstenesta. Arrangementet er gratis. 

Fint om 9 åringane melder seg på her.  Påmelding

Veit du om nokre som ikkje har fått invitasjon i posten, men som har lyst til å komme? Vi har bok til dei også:-)

Mvh Midsund kyrkjelyd

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Kari Mette Bull Sylte, kateket, kari.mette.sylte@molde.kirken.no

 

Tilbake