Vi inviterer til matinékonsert med Vokalensemblet mMokkat etter gudstjenesten 7. april kl 13:30 Konserten er gratis!
Koret vil også delta i gudstjenesten.
mMokkat er eit vokalensemble som består av åtte kvinner busett i Sunnhordland. mMokkat starta opp i 2007 og har i laupet av åra hatt diverse konsertar og oppdrag ulike stader i Noreg. Repertoaret strekk seg frå rennesansemusikk til samtidsmusikk, og dei syng både sakrale og profane verk. Vokalensembelet mMokkat består av mezzosopranane Maria Malmsten (kunstnarleg leiar), Kjersti Follesø (komponist) og Britt Kristin Balchen, altane Siw Kristin Vad Haraldsen, Tone Heide og Herborg Tegle, og sopranane Ingjerd Kannelønning Kolstad og Anne Guro Korsvoll. Dei har alle lang erfaring frå å synge i ulike ensemble, og fire av dei har musikkfagleg utdanning på høgskulenivå.
Kjersti Follesø har dei seinare åra komponert fleire verk, hovudsakeleg for kor og vokalensemble, og mMokkat har urframført ikkje mindre enn 15 verk av Follesø, mellom anna E-moll messen. Produksjonen har også resultert i ei CD-innspeling frå 2014. Vokalensembelet har ved fleire høve samarbeida med Tone Synnøve Øygard Steinkopf, seinast i samband med innstudering og framføring under jubileumskonserten deira i mars 2017.