Bli med på KonfAction i sommar! Eit høgdepunkt i konfirmanttida. For meir informsjon og påmelding sjå vidare.
Påmelding
20- 24. juni 2025 er ungdommar i 8. og 9. trinn velkomen til å vere med Midsund kyrkjelyd til KonfAction i Bø i Telemark. 1000 ungdommar, massevis av artige aktivitetar, gode møte og Sommarland i Bø er stikkord for det som kan bli sommarens høgdepunkt!
Sjå meir: https://krik.no/konfaction/
Her ligg både praktisk info, program og oversikt over aktivitetar ein kan velje.
Legg ekstra merke til filmen. På den er det fleire kjende fjes frå Midsund:)På informasjonsmøtet 27. februar det gitt meir informasjon om reisa, møta, overnatting, prisar, aktivitetar osb.
Dette bli bra!
Når du melder deg på, seier samtidig at du kjenner reglane og vil forholda deg til dei.
Reglane ligg lengre ned på denne sida.
Håpar du vil vere med!
Påmelding
Lurer du på noko? Ta kontakt med oss!
Hilsen frå
Svein-Hartvig Pettersson, svein.hartvig.pettersson@molde.kirken.no
Kari Mette Bull Sylte, kari.mette.sylte@molde.kirken.no
Reglar og retningslinjer for KonfAction i Bø,
20. -24. juni 2025
For at alle skal ha det best mogleg på leir, må vi ha nokre felles køyrereglar.
Følgande reglar gjeld for turen, inkl. reisa til/frå leiren:
• Alle deltek på programmet som er satt opp.
• Alle følger beskjeder som blir gitt
• Alle opptrer med respekt for dei andre deltakarene og leiarane.
• Alle behandlar bussen, leirstaden og andre sine eigendelar fint. Meld frå om noko blir øydelagt.
• Alle bor i teltet dei høyrer til.
• Ingen bruk av rusmidlar, røyk eller snus er tillat.
Brot på disse reglane vil medføre:
• Deltakarane får ei åtvaring.
• Leirleder kontaktar føresette
Nb!
Viss ein brukar rusmidlar blir ein sendt heim med ein gong.
Det er dei føresette sitt ansvar å få konfirmanten heim og betale for reisa.
Saman kan vi lage en god og positiv leir for alle!