Igjen er det klart for KonfAction for 13-15 åringar på Midsund! Info og påmelding finner du her. Påmeldinga er open fram til 11. april.
23. -27. juni 2023 er ungdommar i 8. og 9. trinn velkomen til å vere med Midsund kyrkjelyd til KonfAction i Bø i Telemark. 1000 ungdommar, massevis av artige aktivitetar, gode møte og Sommarland i Bø er stikkord for det som kan bli sommarens høgdepunkt!
Sjå meir: https://krik.no/konfaction/
På informasjonsmøtet 16. mars blei det gitt meir informasjon om reisa, møta, overnatting, prisar, aktivitetar osb.
Dette bli bra!
Påmeldinga vil vere open frå 20. mars kl. 18.00 til 11. april.
Når du melder deg på, seier samtidig at du kjenner reglane og vil forholda deg til dei.
Reglane ligg lengre ned på denne sida.
Håpar du vil vere med!
Påmelding
Lurer du på noko? Ta kontakt med oss!
Hilsen frå
Heidi Kristin Fagersand, heidi.fagersand@molde.kirken.no
Svein-Hartvig Pettersson, svein.hartvig.pettersson@molde.kirken.no
Kari Mette Bull Sylte, kari.mette.sylte@molde.kirken.no
Reglar og retningslinjer for KonfAction i Bø,
23. -27. juni 2023
For at alle skal ha det best mogleg på leir, må vi ha nokre felles køyrereglar.
Følgande reglar gjeld for turen, inkl. reisa til/frå leiren:
• Alle deltek på programmet som er satt opp.
• Alle følger beskjeder som blir gitt
• Alle opptrer med respekt for dei andre deltakarene og leiarane.
• Alle behandlar bussen, leirstaden og andre sine eigendelar fint. Meld frå om noko blir øydelagt.
• Alle bor i teltet dei høyrer til.
• Ingen bruk av rusmidlar, røyk eller snus er tillat.
Brot på disse reglane vil medføre:
• Deltakarane får ei åtvaring.
• Leirleder kontaktar føresette
Nb!
Viss ein brukar rusmidlar blir ein sendt heim med ein gong.
Det er dei føresette sitt ansvar å få konfirmanten heim og betale for reisa.
Saman kan vi lage en god og positiv leir for alle!