Salmekonsert i Røbekk kirke


Salmekonsert i Røbekk kirke


Søndag 31 oktober kl 18.00 er det konsert med operasangeren Magne Fremmerlid 

 

Fremmerlid er klar for å presentera salmar frå den flotte nynorske salmeskatten vi har, og gler seg til å vitje vakre Røbekk kyrkje.

På programmet stend salmar frå ulike tidsepokar, tradisjonar og stil. Her er det nye og gamle salmar, kjende og meir ukjende salmar.

Det vert og høve for publikum til å vere med å synge på fleire av salmane.

Han har og gjesta mange andre operahus i inn og utland, og ikkje minst har Fremmerlid alltid vore ein mykje nytta solist med profesjonelle orkester og i kyrkjemusikalske samanhengar. Dei kristne songane og salmane er noko som alltid har vore viktig for Fremmerlid som har mange års songarbakgrunn frå SKRUK og Sunnmøre Kristelege Mannskor.

Med seg på desse konsertane har Fremmerlid med seg to av dei fremste musikarane i vårt distrikt:
Pianisten Bjørnar Myhr har vore ein viktig samarbeidspartnar for Fremmerlid i over 20 år. Myhr er ein allsidig musiker som med sitt elegante og følsame spel vil vere med på å skape nydelege musikalske stemningar. Han har og skrive nye arrangement for klaver og fiolin til desse konsertane.

Laurens Weinhold er ein ung, brilliant fiolinist frå Stavanger som til dagleg er ein del av den profesjonelle strykekvartetten i Ålesund. Han vil i tillegg til å «krydre» salmane gje oss nokre gode kvilerettar i form av vakre stykker frå fiolinrepertoaret.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ei god og hjartevarm stund i Røbekk Kyrkje
søndag 31. oktober kl. 18.00.

Billettpris kr 150,- (kjøpes i døra)

Tilbake