Lys vaken i Nord-Heggdal kapell


Bli med på ei annleis oppleving. 25.-26. januar inviterer Midsund kyrkjelyd 2013-kullet til ei Lys vaken helg i Nord-Heggdal kapell. 

 

Går du i 7. trinn og bur på Midsund, er det hjarteleg velkommen til å vere med på Lys Vaken.

På laurdag blir det aktivitetar både inne og ute (husk lommelykt), pølse med brød og førebuing til gudstenesta.

På søndag er gudsteneste med kyrkjekaffi der Lys vaken-gjengen kan få vere med å hjelpe til på ulike måtar.  

Familie og vener er sjølvsagt hjarteleg velkomne dit.

 

20.00   Oppmøte, ordne soveplass, pizza

21.00   Aktivitetar inne og ute, mellom anna «Bibelsmugling» -uteleik med meining, laurdagsgodt (vi ordnar) og førebuing til gudstenesta

23.00   Vi gjer oss klar til sove

På søndag et vi frukost og har fleire aktivitetar

11.00   Gudsteneste med fastelavensbollar til kyrkjekaffen

På gudstenesta er sjølvsagt familie og vener hjartelig velkomne.

Pakkeliste:

- toalettsaker, liggeunderlag, sovepose og pute

- uteklede (helst mørke)

- lommelykt

 

Påmelding seinast torsdag, 5. desember, via QR koden eller via linken

Påmelding

Ta kontakt om du lurar på noko. Velkommen😊

 

 

Med vennleg helsing Midsund kyrkjelyd v/ Svein Audun Hatlen, sokneprest og Kari Mette Bull Sylte, kyrkjelydspedagog, (99 37 90 41)

Nb! Denne invitasjonen sendast til barn fødd i 2012 som er døypt/tilhøyrande i Den Norske kyrkja. Om du kjenner nokon andre på trinnet ditt som vil vere med, må du gjerne invitere dei. Dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne!

 

 

 

 

Tilbake