LEMUR + Ståle Storløkken


LEMUR + Ståle Storløkken


Molde domkirke søndag 22. mars kl 18:00

Billetter: 250,- (Barn og unge opp til 20 år gratis)

Kirkefestuka er støttet av Molde kommune

 

LEMUR + Ståle Storløkken
Samarbeidet mellom Lemur og Ståle Storløkken samlar nokre av dei mest markante stemmene i norsk improvisasjons- og samtidsmusikk. Felles for dei er ei radikal tilnærming til instrumentet som klangkropp, og ein praksis der improvisasjon, lytting og kollektiv formskaping står heilt sentralt.


Ståle Storløkken er ein av Noregs fremste lydforskarar, kjend frå mellom anna Elephant9, Supersilent og som Terje Rypdals nære samarbeidspartnar sidan midten av 1990-talet. I musikken hans er klang, tekstur og harmonisk fridom berande element, og han har gjennom heile karrieren vore oppteken av å utforske både moglegheiter og avgrensingar i instrumenta han arbeider med. Enten det er Hammondorgel, elektronikk eller kyrkjeorgel, søkjer Storløkken etter skjulte lydskattar og spelemåtar utanfor allfarveg – alltid med ein sterk sans for augeblikket og rommet musikken oppstår i.


LEMUR er eit kollektiv med ei tilsvarande utforskande haldning. Ensemblet – med fløyter, horn, cello og kontrabass – fungerer som ein firehovda organisme der jazz, samtidsmusikk, lydkunst, støy og elektroniske impulsar smeltar saman til ein eigenarta klangverda. Gjennom to tiår med tett samspel har Lemur utvikla ein praksis der rollene som solistar, improvisatørar og komponistkollektiv glir over i kvarandre, og der både akustiske og elektroniske uttrykk er ein integrert del av musikken.


Når Lemur og Ståle Storløkken møtest, oppstår eit felles musikalsk rom prega av høg intensitet, detaljrik lytting og stor formmessig openheit. Enkle melodiske fragment kan brytast mot massiv lydutforsking, mekaniske strukturar mot organiske rørsler, og sakrale eller lyriske klangar mot det rå og utemja. Musikken vert skapt i augneblinken, men ber med seg tyngda av lang erfaring, vid inspirasjon og eit djupt engasjement for improvisasjon som kunstnarleg metode.

 

Tilbake