Går du i 5. trinn er du velkommen som Minikonfirmant! Vi møtast igjen 19. mars til påskevandring i Otrøy kyrkje.
15. mars inviterer vi vidare til gudsteneste for små og store, der dei som vil kan få vere med på ulike oppgåver i gudstenesta. Etterpå blir det kyrkjekaffe og leikaktivitetar.
19. mars møtast vi igjen rett etter skulen, kl. 14.45-16.15. Det nærmar seg påskehøgtida, og Minikonfirmantane får vere med på ei påskevandring kor dei får "oppleve" dei ulike påskedagane. Vi serverer også pølse med brød og har ulike aktivitater.
Har du spørsmål, er det bare å ta kontakt. Påmeldinga kan gjerast til kari.mette.sylte@molde.kirken.no.
Veit du om nokon som ikkje er invitert? Inviter dei gjerne med:)
Helsing fra Midsund kyrkjelyd ved
Heidi Kristin Fagersand, sokneprest, og Kari Mette Bull Sylte, kateket, 99379041